IL Veten

IL Veten

Hagen
Kr. A. Vik
O. E. Hagen
Byggtorget
Stryn Hotel

NY TRAKKEMASKIN

Skrive: 18. Oct 2023

Idrettslaget, med Anders Magne i spissen, treng ny trakkemaskin for å kunne oppretthalde det flotte løypetilbodet vi har  utfrå Nordfjord Fritidssenteret. Maskinene vi har tilgjengeleg no er modne for utskiftning.

Huskar du alle meldingane på FB i vinteren 22/23 om reparasjonar og driftsstopp? Vinterferien med knall føre, sol og havari?

Anders Magne og co skrur 150 timar FØR kvar sesong for å få maskinene til å fungere, i tillegg til reparasjonar undervegs i sesongen.

Vi slit ut eldsjeler og utstyr, og dette må vi prøve å unngå.

Tidlegare har Anders Magne gjennom Sølvberg Snøservice eigd maskinene, men laget syns det er feil at enkeltpersonar skal måtte ta slike store investeringar og finansiell risiko på eiga kappe. Derfor skal laget no gå til innkjøp av ei brukt maskin, som Anders Magne skal vere ansvarleg for å drifte og halde ved like.

Resultatet skal bli det same som før, med nydelige løyper mil etter mil i fjellheimen vår. Berre med ein god del mindre slitasje på eldsjelene våre som jobbar på for Nordsida.

Det vart bestemt på ekstraordinært årsmøte at idrettslaget kan nytte eigenkapital og evt ta opp lån, i tillegg har vi til no fått støtte frå Enivest på 100 000kr og Sparebanken Sogn & Fjordane på 300 000kr. Bygdefolk og venner av Nordsida har vippsa inn gåve på tilsaman ca 150 000kr. Trakkemaskingruppa og styret jobbar framleis på for meir gåvemidlar og sponsorstøtte. Vi håpar å kjøpe maskin før nyttår 2023. 

Lyst å bidra? Vipps til IL Veten på 582128 og velg kategori "Gave" eller bruk kontonummer: 3795.10.40631 og merk med 'trakkemaskin'.

Overraskelse frå SSF, overlevert av Agathe.