Skitrekket ved Nordfjord Fritidssenter

Opningstider
- Gjeld ifrå 01.02 til 06.04.15 (sjå meir detaljar i vaktlista)
- Vi held ope kvar søndag i tidsrommet 11.00-16.00

Prisar
Årskort: kr. 400,-
Familiekort: kr. 1000,-
Dagskort: kr. 200,-
Enkeltturar: kr. 20,-

Pengeskrinet (og evt. kioskvarer) kan hentast på Nyberg på førehand.

Det er viktig at de skriv ned namnet på dei som kjøper årskort og familiekort. Når det gjeld dagskort og enkeltturar registrerer de tal selde.

Rutine/Driftsinformasjon
Før de startar trekket må de ta tauet ut av krokane oppe i bakken. Start tauet ved å trykkje på startknappen (i pålen ved motoren). Viss tauet ikkje går - stopp det med ein gong, og finn feilen. Start på nytt.
Det de no må passe på er at det er god avstand mellom personane i trekket, slik at loddet bak vaktbuda ikkje tek i bakken. De må og passe på at det ikkje vert nytta lange skjerf og lause flagrande assecories.
Når de har stoppa tauet for kvelden heng de opp att på krokane, og leverer pengeskrinet (og evt. kioskvarer) på Nyberg.
Dersom de lurer på noko kan de ringe Anders Magne (902 54 283).

Lukke til!

Vaktliste 2015

Helsing frå Alpingruppa
 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))