Kampreferat V/H 2009

Jan Ove Hopland sine kampreferat:

18.08.09:
V/H - Stryn 2 2-5

Kampen denne runden skulle opprinneleg vore spelt på Stryn Stadion,mens kampen mellom desse laga på Ålandsleitet skulle spelast 6.oktober. På grunn av dårlege lysforhold kunne kampen ikkje spelast på Ålandsleitet 6.oktober,og Stryn gjekk derfor med på å snu heime/borte. Kampen i siste serierunde, 6.oktober, blir dermed spelt på Stryn Stadion.

V/H - Stryn 2 : 2-5

18 min, 0-1, Emil Allesøe
24 min, 0-2, Johnny Myklebust
49 min, 1-2, Rune Åland
70 min, 1-3, Christian Holko
74 min, 2-3, Rune Åland
79 min, 2-4, Christian Holko
87 min, 2-5, Vegard Hopland

Stryn 2 vann en fortjent seier på Ålandsleitet. Spesielt i 1.omgang var Stryn 2 klart best. Dei var pasnings-sikre og hadde mykje større tempo og ikkje minst presisjon i spelet, enn heimelaget. Sjølv om bortelaget ikkje skapte allverdens med åpne sjansar,var det likevel ikkje tvil om at 2-0 var ei fortjent leiing ved pause,etter mål av Emil Allesøe og Johnny Myklebust. V/H var igjennom en gong ved Ørjan Fjellkårstad,men for det meste vart omgangen prega av upresise og dårlege avklaringar.
2. omgang vart mykje betre for heimelaget sin del.V/H fekk et tidleg mål ved Rune Åland,duellspelet og samspelet vart noko betre og det var ei viss spenning i kampen. Stryn 2 var framleis det beste laget,men sjølv om Christian Holko gav Stryn 2 3-1 leiing,reduserte Rune Åland umiddelbart med sitt 7.mål for sesongen. Det var derfor spenning i kampen heilt til det 80.minutt, då Christian Holko scora sitt 2. og på en måte punkterte kampen. Vegard Hopland fekk æra av å fastsette sluttresultatet til 5-2 like før slutt. Både Holko og Hopland har sine band til Veten/Hardbagg, og på en måte kan en seie at det er av sine eigne en skal ha det, men alt i alt var det en heilt fortjent seier, og Stryn 2 held liv i håpet om opprykk.

Christian Holko og Ørjan Fjellkårstad fekk kruset som "lagets beste"

V/H sitt lag: Dag Bergset Ulvedal,Geir Olav Roset,Torstein Tvinnereim,Ove Morten Skrede,Pål Andre Skrede,Tor Øyvind Rand,Isak Bergset,Ørjan Fjellkårstad,Gaute Aabekk,Øyvind Blakset,Rune Åland. Innb: Edvar Tvinnereim,Inge Matias Tvinnereim.

30.06.09:
V/H – Oppstryn 3-5

Veten/Hardbagg stilte med følgjande mannskap:
Helge Haavik, Geir Olav Roset, Inge Matias Tvinnereim, Ove Morten Skrede, Hans Erik Rand, Magnus Brendehaug, Tor Erik Rand, Torstein Tvinnereim, Knut Helge Bergset, Ørjan Fjellkårstad og Rune Åland
Innbyttarar: Pål Andre Skrede, Jarle Beines Fredriksen, Arild Henden og Bjørn Erik Henden

0-1: Lars Guddal
0-2: Lars Guddal (str.)
1-2: Rune Åland
1-3: Lars Guddal
1-4: Krister B. Grov
2-4: Torstein Tvinnereim (str.)
2-5: Bernt R. Veddegjerde
3-5: Knut Helge Bergset

Det vart eit nytt tap for Veten/Hardbagg på Ålandsleitet i den siste kampen før fotballferien. Motstandar denne kvelden var Oppstryn.

1. omgangen til Veten/Hardbagg var ikkje mykje å skrive om. Det virka som om ein hadde starta ferien litt tidleg. Vi låg lavt og hadde problem med å følgje etter når dei lange framspela mot ein einsam Rune Åland blei slegne.
Det første målet kom etter at eit langt framspel trilla gjennom forsvaret vårt og nådde Lars Guddal, som sette ballen under keeper-debutanten vår Helge Haavik.
Det andre målet var eit straffespark som oppstod etter at Lars Guddal blei felt av Inge Matias. Nokre meinte det var litt billeg, men dømt er dømt og det sto 0-2.
Det virka som om vi vakna litt etter dette, og det var ikkje ufortent at Rune Åland reduserte etter ei fin langpasning. Vi hadde fått litt trua på at Veten/Hardbagg kunne reise seg etter dette, men etter 1-3 og 1-4 vart det tøft å ta til på 2. omgang.

I pausen kom brørne Arild og Bjørn Erik til Ålandsleitet. Med Arild tilbake i forsvaret, fekk vi flytta Magnus litt framover på bana. Dette hjelpe litt på, og vi spelte meir jamt mot Oppstryningane. Aggresiviteten auka og presset blei flytta høgare opp. Praten i laget kom seg også litt.
Når Torstein sette inn 2-4 på straffe hadde vi håpa på at opphentinga skulle starte, men ein tidlegare Veten/Hardbagg-spelar ville det annleis. Bernt Ragnvald scora direkte frå innkast!
Etter dette sette vi inn ein liten sluttspurt og hadde nokre halvsjansar, men det var ikkje før Knut Helge dukka opp på bakre stolpe etter litt klabb og babb at vi fekk den siste scoringa vår og fekk pynta litt på resultatet.

Alt i alt ein fortent siger til Oppstryn, sjølv om vi vann 2. omgangen, i ein kamp der Veten/Hardbagg var veldig opp og ned i innsats og pasningsspel. Vi må heve oss dersom vi skal sanke nokre poeng til hausten, og det skal vi!

”Dagens beste-krus” gjekk til Arvid Sunde (Oppstryn) og Magnus Brendehaug (Veten/Hardbagg)

Det vart delte ut 3 gule kort til spelarar frå Veten/Hardbagg: Inge Matias Tvinnereim, Magnus Brendehaug og Torstein Tvinnereim


12.06.09:
V/H – Flatraket 0-7

1. 8min Stephan Lexau
2. 24min Kenneth Pedersen
3. 28min Martin Nygård
4. 36min Kenneth Pedersen(str)
5. 53min Kenneth Pedersen
6. 67min Marius Svoren
7. 73min Håvard Nyheim

V/H sitt lag: Edvar Tvinnereim,Dag Bergset Ulvedal,Arild Henden,Ove Morten Skrede,Torgeir Aarøen,Hans Erik Rand,Øyvind Blakset,Knut Helge Bergset,Bjørn Erik Henden,Runar Bakken,Rune Åland. Innb: Pål Andre Skrede,Ivar Nord,Gaute Aabrekk

V/H kom til kampen med 2 seierar på rappen,og sjølv om vi mangla 4-5 av våre beste,hadde vi håpa å gje Flatraket litt pes på heimebane,men når i tillegg Knut Helge Bergset måtte gje seg alt etter 15min,vart det altfor tøft. I staden for vart det heimelaget som fekk pest seg og det i samfulle 90 minutt. Dette vart total overkøyring frå et heiltent og fantastisk godt Flatraket-lag. V/H har vel aldri blitt så grundig utspelt på heimebane som vi vart i denne kampen.Ikkje berre vart vi utspelt,men Flatraket spelte feiande flott fotball i tillegg. Dette er nok den beste oppvisninga av god fotball som er vist på Ålandsleitet sidan vi starta opp i 6.div i nyare tid. 0-7 er og so vidt eg kan hugse det største tapet vi har hatt på heimebane i divisjons-systemet,og det kunne vore en god del meir.

Det er dessverre lite positivt å berette frå denne kampen,ingenting fungerte. Viss en skal vere snille, var V/H sånn nokolunde ”med” første halvdel av 2.omgang,og det vart 2-3 halvsjansar,men det var nok snarare fordi Flatraket sleit litt med sitt eige spel i denne perioden. Edvar Tvinnereim var bra i mål og var nær et krus denne gongen. Kruset gjekk likevel og denne gongen fortjent til Arild Henden,som var den einaste som kom opp mot vanleg nivå. Av Flatraket sine mange kandidatar,vart det Håvard Nyheim som stakk av med kruset for ”lagets beste”

09.06.09:
Veten/Hardbagg - Haugen 4-2

0-1, 20 min, Kim Inge Myre

1-1, 22 min, Rune Åland

1-2, 25 min, Stig Tore Gilleshammer

2-2, 44 min, Rune Åland

3-2, 50 min, Torstein Tvinnereim

4-2, 62 min, Øyvind Blakset

V/H sitt lag: Edvar Tvinnereim,Geir Olav Roset,Ove Morten Skrede,Arild Henden,Torgeir Aarøen,Gaute Aabrekk,Bjørn Erik Henden,Torsten Tvinnereim,Øyvind Blakset,Ørjan Fjellkårstad,Rune Åland. Innb: Hans Erik Rand,Runar Bakken,Pål Andre Skrede,Jarle Beines Fredriksen.

Dommar: Lars Magne Taraldset,Hornindal

Publikum: Ca 25

Det vart tap 0-16 mot Haugen i årets første kamp,og vi visste dermed ikkje heilt kva vi skulle håpe på etter at vi slo Stryn 2 i forrige kamp

Starten av kampen var ganske jamnspelt. V/H hadde kanskje dei kvassaste sjansane, men Haugen virka alltid farlege når dei kom i angrep. Det var derfor ikkje ufortjent at det var Haugen som tok leiinga i det 20.minutt ved Kim Inge Myre. Men V/H utlikna 2 minutt etterpå,då et langt framspel frå Geir Olav Roset nådde Rune Åland,som heada ballen i mål. Det skulle ikkje gå lenge før Haugen igjen var i føringa. Etter 25 minutt fekk Stig Tore Gilleshammer tid og rom,og ordna 2-1 leiing med et godt skot. Resten av omgangen var ganske rotete for V/H sin del.Mange dårlege og upresise avklaringar gjorde at V/H sleit med å kome til sjansar, og Haugen hadde overtaket denne perioden. Heilt til kaptein Arild Henden tok tak,førte ballen forbi et par Haugen-spelarar,og sende en perfekt stikkar til Rune Åland som runda keeper og bokførte sitt 5.mål for sesongen. På overtid av 1.omgang var både Rune og Gaute svært nær å gje V/H leiinga,men det stod 2-2 til pause.

I 2.omg var V/H best.Dei kjempa Haugen ut av stilen og Haugen produserte svært lite framover. Et frispark frå Ove Morten Skrede fann midtstopper-kollega Arild Henden,han heada ballen kontant i stolpen og Torstein Tvinnereim var påpasseleg frampå på returen og ordna 3-2 leiing for heimelaget. Det skulle bli veteranane sin kveld på Ålandsleitet. Hans Erik Rand var svært oppmerksom, tok et raskt innkast som sende Øyvind Blakset gjennom.Han sende ballen i en fin bue over keeper og i lengste hjørne og V/H leia 4-2. Resten av kampen hadde V/H sånn nokolunde kontroll. Haugen hadde en del nesten-sjansar, men det vart sjeldan heilt farleg framfor en god Edvar Tvinnereim i V/H-målet. Sjølv om det var veteranane som scora måla, var det god innsats av alle på V/H også denne gongen, som førte til sesongens andre seier.

Kruset for ”lagets beste” gjekk denne gongen til Arild Henden,V/H og Vegard Løken,Haugen