Mobildata Cup 2008

Idrett: Kombinert
Dato: 25.-27. januar 2008
Bjørkelibakkane ny logo 2007 - liten
Lister:
Resultatliste 27.01.2008 Ferdig: PDF
Startliste 27.01.08 Langrenn: PDF
Resultatliste 27.01.2008 Hopp: PDF
Startliste 27.01.2008: PDF
Resultatliste 26.01.2008 Ferdig: PDF
Startliste 26.01.2008 Langrenn: PDF
Resultatliste 26.01.2008 Hopp: PDF
Startliste 26.01.2008: PDF

Gjennomføring:
Dårleg vér med kraftig vind og snø førte til at trening i Bjørkelibakken K90 vart avlyst fredag 25. januar. Fleire alternative arrangementsformer vart diskutert for å få utnytta gode vérperiodar på laurdag og søndag.

Rennet på laurdag starta kl 09.00 med prøveomgang og 2 omgangar fortløpande utan å snu startlista mellom omgangane. Dette for å unngå stopp i rennet. Litt snøvér gjorde hoppkonkurransen ekstra spennande, med mange gode hopp.
Langrennet starta kl. 13.00 under litt urolege forhold med snø og vind. Men løypemannskapet gjorde ein flott jobb og heldt løypa open så alle som ville kom i mål.

Ingen større problem oppstod under avviklinga av rennet og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Sprintrennet på søndag vart framskunda 1 time til kl. 10.00. Hoppdelen gjekk under glimrande forhold, lettskya og ingen nedbør. Prøveomgang og ein ordinær omgang vart gjennomført raskt og langrennet starta kl. 12.00. Etter rennet var det premieutdeling ved rennleiaren. Ei flott helg kombinert med hopp og langrenn gjorde arrangementet til ein suksess.

Meir info om arrangementet:
Skiforbundet (26/1)
Skiforbundet (27/1)
Granåsen Skiteam

Vi takkar følgjande firma for gåvepremiar:
Moods of Norway
Ricco Vero
Thorvaldsson AS
Expert Øvreberg
Sparebanken Vest
Sparebanken Sogn og Fjordane
G-Sport Stryn
Skogstad Sport