veten.info

Bjørkelibakkane

Bjørkelibakkane ny logo 2007 - liten
Arenakart Vangen
Arenakart Vangen
Bjørkelibakkane er nytt og moderne hoppanlegg som er ein del av Nordfjord Fritidssenter. Dersom du ein vinterkveld kjem med fly mot Sandane Lufthamn, eller med bil over Utvikfjellet, så kan du oppleve å sjå det opplyste anlegget omlag 600 m.o.h. på nordsida av Nordfjorden, med heile sju hoppbakkar i storleikar frå 5 til 90 m. Dette er Sogn og Fjordane sitt fylkesanlegg for hoppsport, eit anlegg som har fått svært positiv omtale både frå leiarar og aktive.

Gjennom ein utbyggingsperiode på nær 15 år har dette anlegget vakse fram ved hjelp av spelemidlar og med kommunal innsats når det gjeld vegframføring og parkeringsplassar. Men det mest imponerande er likevel dugnadsinnsatsen frå ein trufast gjeng mellom dei vel 400 innbyggjarane i idrettslaget Veten sitt geografiske område.



Bjørkelibakken
Bjørkelibakken
Nordfjord Fritidssenter har i dag overnattingskapasitet til 40 personar, kafé, trimrom og rommelege garderobar. Dei største arrangementa på anlegget så langt var NM på ski, Nordiske greiner i 1996 og Junior-VM i Nordiske greiner i 2004. Begge vart halde saman med langrennsarenaen på Ullsheim og både anlegget og arrangementskomitéen bestod prøvene og fekk heiderleg omtale.

Rundt anlegget er eit nett av oppkøyrde skiløyper med lys.

Opnings-/treningstider vinteren 2009/2010


Vi satsar på å opne bakkane for første gong denne sesongen 2. juledag, kl. 14.00 - 18.00.

K5, K10, K15, K25, K40, K70:

Etter nyttår:
Trening kvar tysdag 19.00-21.00 (så lenge sesongen varer).

I tillegg er bakkane opne desse helgane:
- 02. og 03. januar (treningssamling og kretsrenn)
- 30. og 31. januar
- 06. og 07. februar (KM og Vestlands-Cup3)

K90:

Veke 8:
Bakken er open 23., 24. og 25. februar, som ein del av at NTG skal nytte anlegget. Ved vanskelege tilhøve vil ikkje K70 bli opna tysdag 23. februar. Klokkesletta for opning vert bestemt seinare.

Veke 9:
Vi skal denne veka arrangere Junior-NM (04.-07.03.10) og satar på at bakken også kan nyttast til trening i denne perioden.

Det er lurt å ta kontakt med kontaktperson i IL Veten på mobilnummer 415 30 795 på grunn av varierande vêr- og snøtilhøve.
Føl med på nyhende på www.veten.info for oppdatert informasjon.


Velkomne til trening i Bjørkelibakkane!!
Epost: post@veten.info