Nakkjen Ned 2004


Nakkjen Måleri © Magne V. Kristiansen


Skjærtorsdag i påska er det på nytt klart for fjelltelemarkrennet "Nakkjen Ned". Dette er eit renn som "Tylerenningpåskigruppa" i IL Veten arrangerar.

Som arrangørnamnet tilseier er dette eit renn for dei som vil ha seg ein flott topptur med masse utsikt og å få vere med å renne "tyl" nedigjen i på telemarkski eller på snøfjøl i u-høgtideleg konkurranse med likesinna.

Ein startar å gå frå Vangen Aktivitetssenter, ca 500 m.o.h, og går opp til på Nakkjen; 1133 m.o.h., ein tur på 1,5 - 2 t. Der er det gruppevis fellesstart.

Dei fyrste 40-50 m. skøytar ein for å få litt spredning i feltet før ein set nedover fjellsida. Den fyrste delen går i ope terreng før ein kjem ned i skogavakset der ein fylgjer stølsvegen inn i den gamle alpintraseèn. Heile vegen er der preparert løyper m. trakkemaskin. Mål på stadion nede ved Aktivitetssenteret.

Nedfarten tek i frå 4 - 10 min. alt etter kva ein legg i det!

I sjølve hovedrennet er der jente/dame- og gute-/herreklassar både for telemarkski og snøfjøl med aldersinndeling 12-16, 16-40 og over 40 år samt trim-klasse.

I fjor var det berre 4 sekund som skilte tida mellom beste snøfjøl, Robin Berglid og beste telemarkar Henning Heimlid. Beste jente, Monica Beate Myklebust, var berre 30 sekund bak.

Ein oppmodar spesielt ungdom og jenter/damer til å stille og å ta opp kampen mot seniorar "i sin beste alder"!

I tillegg til hovedrennet vert "Mini Nakkjen" arrangert i år også. Dette er eit renn for dei under 12 år, der dei kan stille med det skiutstyr dei vil (påbudt m. hjelm) og renne ned alpintraseen med mål på same plass som hovedrennet (stadion ved Aktivitetssenteret). Denne konkurransen vert avvikla før hovedrennet

Nytt av året er at vi har utvida trimklassen og lagt til rette for ein "topptur" ilag med familien. Der er køyrt opp løype frå Sølvbergsmyrane, opp i Buberskaret og vidare opp på Nakkjen. Dersom du ikkje vil ta same vegen nedigjen kan du, etter å ha registrert deg på toppen, renne innover eggene og nedigjen mot Rosetstølen og kome attende til Aktivitetssenteret derifrå.

Dette er ei løype med stigningsforhold som også eignar seg for ungar i 6-8 års alderen ilag med voksne. Det er ikkje så mange høgdemeterane ein skal gå, før ein får ei fantastisk utsikt så å sei over heile Nordfjorden med sine bygder og omkringliggande fjell.

Ein attraksjon på turen vil vere å stå langs nedfarten for sjølve telemarksrennet, her vil ein kunne sjå dei mange knallharde duellane i største delen av løypa.

I målområdet vil der vere grilling og sal av grillmat.

Arrangørane håpar på godt vèr og stor deltaking!


Fakta om rennet: Nakkjen Ned 2004

Tid: 8. april 2004 , kl. 14.00
Stad: Nordsida, Vangen Aktivitetssenter/Nakkjen
Arrangør: IL Veten, Tylerenningpåskigruppa
Påmelding : Kl. 10.00 – 11.30, Vangen Aktivitetssenter

Klassar
Trimklasse -”topptur”, open for alle. Tur/retur Nakkjen i turløype eller konkurranseløype i fritt tempo.

Konkurranseklassar.
Hjelm og 5 kg. sekk.
Gruppevis fellesstart frå Nakkjen kl. 14.00.
Jenter/ gutar 12-16år
Senior jenter/gutar 16-40år
Veteran damer/herrar 40år-
Snøfjøl jenter/gutar 12-16 år
Snøfjøl damer/herrar 16år-

Diplom til alle som fullfører, premiering v/loddtrekkning i trimkl.
Dei 3 beste i konkurransekl.