Anders Fannemel i verdstoppen!

Av Øyvind

Med ein 10. plass i verdscup-rennet på Lillehammer laurdag, melde Anders seg for alvor på i kampen om ein OL-billett.
Anders Fannemel 0912 © Einar Løken
Anders Fannemel 0912
Einar Løken
Sportssjef Clas Brede Bråthen utelukkar ikkje at hoppkomet Anders Fannemel (18) kan bli den neste OL-utøvaren frå Sogn og Fjordane. Med eit hopp på 135,5 meter i 2. omgangen, klatra han frå ein 28. til ein 10. plass i debuten i verdscupen! Han vart med dette nest beste nordmann i laurdagens hopprenn i K120 i Lysgårdsbakkane.

Vi gratulerer Anders med kjempeinnsats og håpar at Bråthen gjev han denne sjansen!

Les meir og sjå det flotte hoppet her.
(Sist oppdatert 09.desember 2009, 22:42)

Gå til nyhendearkiv