Bli med på tur på Nordsida.

HAUSTTURAR 2009

Vi har no sett opp ny turliste for hausten 2009 som korresponderer med ein del av løypene på Panoramaturkartet. Kom og bli med på rolege trimturar.
No legg vi opp til arbeids-turar der vi gjev oss tid til å rydde, merkje og skilte det som trengs. Ta gjerne med deg litt reiskap.
Vi oppfordrar dei som er fadrar for turane om å bli med på si løype. (På slike turar er det ein fordel med fjellsko el.l.)
Oppmøtestad står etter datoen.
Vi har sett opp ein ANSVARSPERSON på kvar tur. Denne tenkjer ut kva vi treng av skilt, spikar, hammar, sprittusj og stolpar, ..... og tek med dette. Så hjelpest vi åt med å bere. (Impregnerte stolpar kan du hente innafor Fritidssenteret.)

10.aug.: Sølvbergsskogen. Jon Slettenes si løype. Oppmøte v.Coop Fjelli kl 20.00 Nokre korte bratte parti. ANSV: Jon Slettenes

17.aug: Fritidssenteret, Bergsetstøylen, Indrestøylen og nedatt på støylsvegen. ANSV: Ann Iren

24.aug.: Sagedammen, rundt demmene og tilbake via koparleiteplassen og Veten til Ulvedal. Ansv: Astrid

31.aug: Rosettunet, innover skogsvegen, opp og utatt nedafor Øyestadstøylen og nedatt til Roset. Ansv: Kolbjørn

7. sept: Sagedammen. Vi går runden til Bjørnehiet. Ansv.: Ottar

Vi ser kor lenge vi har lys nok til å gå i skog og mark. Når det vert for mørkt, går vi over til å gå på vegen igjen med start v. Berglid trevare.

Helsing TRIMGRUPPA IL VETEN
(Sist oppdatert 08.august 2009, 16:37)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))