Flott innsats av Veten-løparar i KM orientering

Av Øyvind

Isak, Anders, Thea Sætre og Kristi (alle med etternamn Bergset) gjorde ein flott innsats under Sunnfjordorienteringa / KM mellomdistanse.
Isak fekk ein flott 2. plass i klassen H17 (Nivå A - 3,2 km) med tida 25.41. Anders fekk ein fin 4. plass i same klassen med tida 27.33.

Thea Sætre Bergset var åleine i klassen D15-16 (Nivå A - 2,7 km). Ho sprang inn på tida 56.12.

Også Kristi Bergset var åleine i klassen D13-14 (Nivå C - 1,8 km). Ho fekk tida 25.11.

Her kan du sjå heile resultatlista
(Sist oppdatert 11.juni 2009, 00:09)

Gå til nyhendearkiv