Informasjon frå Veten & Hardbagg Fotball

Av Øyvind

Herrelaget vårt, som spelar i 6. divisjon, starta i år opp att deltakinga i serien etter eit pauseår. Med mange nye spelarar, som har hatt lite speletid ilag, vart det ein tøff start på sesongen.
Etter tap i alle dei første kampane, vart det endeleg siger i den første heimekampen! Og det var ikkje mot kven som helst. Det var nemleg Stryn sitt andrelag som kom på besøk på Ålandsleitet. Kampreferat frå denne bataljen finn du på Stryn Fotball si heimeside.

Vi vil prøve å få oppdatert sidene med kampreferat framover. Du finn linken til laget si side i venstremenyen under Gruppene. Du kan også nytte denne linken.

Her finn du alt du treng å vite om kampoppsett, tabell, resultat og kontaktinformasjon!

Vi oppfordrar alle til å møte opp på heimekampane våre!
(Sist oppdatert 11.juni 2009, 00:09)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt

Må 15.okt 22:10
Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Tor 20.sep 19:09
Kongleriket 23.09.18
Ons 12.sep 22:09
Vaktliste for Vetenbadinga
Tys 04.sep 23:09
Nær O-løp torsdag
Sø 02.sep 21:09
Vetenbadinga startar opp att!

Kalendar