Bli med på spennande turar.

Av Trimgruppa

Det er både sosialt og kjekt.
Trimtur til Ulvedalsnausta mai 09

Vi har no sett opp turliste som korresponderer med ein del av løypene på Panoramaturkartet.

Kom og bli med på rolege trimturar. Ta gjerne med deg litt reiskap viss du vil, så klipper vi renningar og ryddar langs løypa når vi trimmar. Då får vi fine stiar.

Sjå vedlegget. Skriv det ut og set det opp i fjellskonå dine eller ein annan lur plass.

Vi tek sjansen på at det alltid vert med lokalkjende utan at vi organiserer det så knallhardt. Løypene skal vere bra merka så ein kan gå om ein ikkje er sikker på vegen.

Helsing TRIMGRUPPA IL VETEN

(Sist oppdatert 08.mai 2009, 09:39)

Gå til nyhendearkiv