Nye løyper ved Nordfjord Fritidssenter

Av Øyvind

Det er no køyrt opp løyper innover til Rosetstøylen og utover til ytre Sølvbergsstøylen.
Utsikt frå Strupen © Øyvind BlaksetLøypenettet er som følgjer:
Rosetstøylen - Ulvedalsstøylen - Bergsetstøylen - Indre- og ytre Sølvbergsstøylen.

Løypesjef Olav Nyberg oppfordrar på det sterkaste å gå løypa i denne rekkefølgja då det kan vere litt stygt å renne i enkelte parti viss ein startar med å gå utover.

Så sant der er nok snø, vil denne løypa bli oppkøyrd kvar helg til over påske.

Løypa til Nosakleiva er opa som vanleg.

Kom og få deg ein flott skitur med fantastisk utsikt.
(Sist oppdatert 07.mars 2009, 11:17)

Gå til nyhendearkiv