Idrettsstipend til Anders Fannemel

Etter dei nasjonale hopprenna i Bjørkelibakken i går fekk Anders Fannemel tildelt idrettsstipend.
Anders Fannemel 09
Sogn og Fjordane idrettskrins og Sparebanken Sogn og Fjordane samarbeider kvart år om å dele ut eit idrettsstipend til unge og lovande idrettsungdomar.

Anders Fannemel, Hornindal IL er ein av fire som får denne for 2008.

Han har etablert seg på juniorlandslaget i hopp med intarnasjonalt gjennombrot i 2008.
1. plass i FIS cup i Sveits. Også andre sterke plaseringar internasjonalt. Ein 1. plass i senior og nr 3 samenlagt i Norges cupen 2008.

Han får prisen ma. på grunn av gode plasseringar nasjonalt og internasjonalt

Pristildelarane meinar det er stort for idrettsmiljøet og distriktet at Anders har klart å hevde seg så godt som hoppar, og at han beviser for alle at det er muleg å nå fram når tilhøva vert lagd til rette og utøvaren har vilje og fokus på idretten sin.

Stipendet er på 10 000 kroner.

Vi gratulerar Anders med stipendet.
(Sist oppdatert 02.mars 2009, 09:43)

Gå til nyhendearkiv