Velkomen heim Ivar!

Av Øyvind

Medaljegrossisten Ivar Ulvedal kom heim til Blakset i går kveld, etter ein lang tur frå USA. På rutebilstasjonen i Stryn vart han hylla av bortimot 100 frammøtte.
Ivar syner fram dei flotte medaljane © Øyvind Blakset
Ivar syner fram dei flotte medaljane
Øyvind Blakset
Omlag 23.40 kom bussen med Ivar til Stryn. Sjølv om det var seint på kveld hadde gratulantane utsett leggetida for å ta imot Ivar som har gjort ein fantastisk innsats i Special Olympics World Winter Games 2009 i Idaho. Med faklar, norske flagg og eigen OL-flamme vart det ei flott mottaking!

Med seg på turen hadde han også med seg foreldra sine, Erik Ivar og Anne. Dei var tydeleg stolte over Ivar då dei steig av bussen saman med han.

Leiar i IL Veten, Thorolf Aarøen, overrekte blomster til Ivar og gratulerte med flott innsats. Etterpå sto dei frammøtte i kø for å få helse på ein ekte OL-meister.

Det vart ekstra høgtideleg stemning då nasjonalsongen, sannsynlegvis for første gong, vart framført på rutebilstasjonen i Stryn. Sjølv om Ivar fekk høyre denne 2 gongar i USA, vart det kanskje litt ekstra spesielt å få høyre denne framført av sine eigne sambygdingar.

No er det på sin plass med ein velfortent kvil for OL-helten, men kjenner vi Ivar rett er det nok ikkje lenge før han er på plass i løypene ved Nordfjord Fritidssenter for å førebu seg på komande utfordringar. Det var, tross alt, her mykje av grunnlaget for OL-medaljane vart lagt.

Velkomen heim og lukke til vidare Ivar!

Sjå fleire bilete frå velkomsten. (Beklagar den dårleg kvaliteten på desse mobilbileta. Vi vil legge ut betre bilder etterkvart)
Les meir på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider
(Sist oppdatert 17.februar 2009, 13:06)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))