Resultat frå Fjelltrimmen

Av Øyvind

Solveig Lien Roset har den siste tida lagt saman poenga i Fjelltrimmen for IL Veten. Og her har du resultata.
Utsikt frå Strupen © Øyvind BlaksetDei ulike klassevinnarane vart: Kjell Roset, Bjørg Heimlid, Sari Hannukainen, Antti Hannukainen, Bjarte Bergset og Kristi Bergset.

Det var i klassane "Kvinner 50 år og over" og "Gutar under 15 år" det var tettast i toppen, elles var klassevinnarane ganske så suverene.

Også i år vart det våre finske vener Antti og Sari som var i ein klasse for seg sjølve. Sari sanka heile 2727 poeng, medan Antti fekk 2253 poeng. Imponerande innsats!

Nærast til å true dei to i toppen vart Kjell Roset med 1481 poeng.

Last ned resultatlista her.
(Sist oppdatert 28.januar 2009, 20:08)

Gå til nyhendearkiv