3 deltakarar frå IL Veten på "Kleiva Opp"

Av Øyvind

"Kleiva Opp" er eit motbakkeløp som blir arrangert av Hardbagg IL kvart år.
Løpet startar ved fjorden og blir avslutta ved tunnelen på Nosakleiva. Det heile starta i 1991. For første gong hadde dei også oppretta ein sykkelklasse.

Det var Jørgen Marius Hopland (Hardbagg) som vart den raskaste til toppen på tida 37.33, medan Rune Åland (Hardbagg) var raskast i sykkelklassen. Han sykla på tida 30.32.

Ingen av deltakarane frå IL Veten stilte i sykkelklassen. Dei tre som deltok var: Geir Olav Roset, Hans Magnus Støyva og Oddmund Teigland.

- Geir Olav vann klassen "Gutar under 16 år" (kort løype) på tida 21.35.
- Hans Magnus vart nummer 4 i same klassen, med tida 27.58
- Oddmund Teigland var åleine i klassen 60 +. Han fekk tida 54.34
(Sist oppdatert 02.oktober 2008, 21:21)

Gå til nyhendearkiv