Inspirerande hoppsamling!

Av Øyvind

Med sjølvaste Tom Hilde som instruktør vart hoppsamlinga forrige helg ein stor suksess. 13 ivrige deltakarar hadde meldt seg på for å få gode tips av topphopparen som strekte seg til 217,5 meter i Planica i år.
Nederst i artikkelen kan du sjå fleire bilder frå samlinga.

Ein godt nøgd Tom Hilde © Øyvind Blakset
Ein godt nøgd Tom Hilde
Øyvind Blakset
Med følgjande program var det heilt klart at dette ville bli ei aktiv helg for deltakarane frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal:
Laurdag 20.09.2008
- 13.00 - 14.30: Frammøte, lunch med innlagt orientering om opplegget
- 14.30 - 15.30: Oppvarming/ lett treningsøkt ute i det fri
- 15.30: Smøring av nistepakke/ avreise til Strynehallen
- 16.00 - 17.30: Hopptrening i Strynehallen
- 19.00 - : Middag med sosialt samvær

Søndag 21.09.2008
- 08.00 - 09.00: Frukost
- 10.00 - 12.00: Hopptrening i Strynehallen
- 13.00 - 14.00: Lunch, Nordfjord Fritidssenter
- 15.00- : Avrunding, oppsummering (kanskje autograf m.m.)


Men når ein får ein slik sjanse til å lære av ein meister må ein nytte tida godt!



Gunnar Fannemel, som var med dei aktive under samlinga, har skrive ei oppsummering av korleis han opplevde helga:

"Ei fantastisk helg er lagt bak oss.

Med Tom Hilde som inspirator og instruktør fikk hopparar fra Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ei helg rik på opplevingar. Første økta blei via oppvarming og kor viktig det er å være mjuk. Mange av hoppararne har "fotballmusklar" som dei kallar det, og det må arbeidast mykje meir med denne delen av treninga framover.
Den andre økta blei via til spenst og "power" som og er viktig. Statiske og dynamiske hopp blei blant anna gjennomgått.
Den siste økta blei det eit mangfald av øvingar som gjekk både på styrke, koordinasjon og bevegeligheit. I forkant av alle økter blei oppvarming og tøying grundig gjennomført. Det positive med å ikkje være for mange, var at alle fikk instruksjon og tid med Tom.
På Nordfjord Fritidssenter blei vi godt mottekne på alle måtar. God mat og service.
Her viste Tom Hilde både film og diverse teknikktrening som landslaget bruker. Men, det var og tid til leik og moro. Tom deltok i bordtennis der 2 og 2 deltok og det vart mange jevne matcher og det spesielt gromt var det når Tom blei slått.
Til slutt song alle saman bursdagsangen for Tom då han fyller 21 år i morgon den 22/9.
Både Tom og alle var enige om at dette skulle vi gjere opp att neste år."


Vi takkar Tom for at han stilte opp som instruktør og inspirator her i Stryn. Vi ønskjer han velkomen tilbake og lukke til i den komande sesongen!

Sjå fleire bilder frå hoppsamlinga




(Sist oppdatert 25.september 2008, 01:12)

Gå til nyhendearkiv