IL Veten tok gull i vestlandsmeisterskapet

Gull i stafett H13-16 år

Av Berit I Bergset

Etter solid laginnsats kunne gutane i IL Veten smykke seg med gullmedaljar i stafett i vestlandsmeisterskapet 7.september.






Vestlandsmeisterskapet vart arrangert av Haugesund IL. Troppen frå Sogn og Fjordane reiste ned med 11 deltakarar og kom heimatt med mange medaljar. Gjevaste av dei alle var gullet i stafett for H13-16 år!
-Terrenget var ganske fint, fortel Isak Bergset på sprakande mobillinje. Isak sprang 1.etappen.
-det var ope, men med svært tunge myrar, og myrar var det overalt. Det var kanskje mest krevjande fysisk. Vi hadde ingen forventningar om å gjere det bra, vi sprang berre for å ha det moro.
Vestlandsmeisterskapet 2008 © Irene Kroken Bergset
Vestlandsmeisterskapet 2008
Irene Kroken Bergset
frå venstre: Isak Bergset, Sondre Kristiansen, Geir Olav Roset
I stafett er det fellesstart på første etappen. Der er tre på kvart lag, og kvart lag skal springe tre ulike løyper. Desse løypene er gafla, det vil seie at alle har postar i omlag same området, men ein veit ikkje kven som har same posten som deg. Såleis kan det vere veldig lett å misse fokus på eige løp, for der blir mange konkurrentar ute i terrenget som spring i alle retningar. I slike høve er det ekstra viktig å fokusere på eige løp, eigne vegval og å ikkje misse konsentrasjonen.
-Trenar Anders Bergset hadde instruert oss om å ta det med ro, bomme minst mogeleg og ikkje bry oss om alle dei andre som sprang andre løyper, seier Isak.

-Min etappe gjekk ganske fint, eg hadde berre ein bom på ca 1 minutt. Bommen var rett før mål, og eg ante ikkje korleis eg låg an då eg kom i mål. Etterkvart fekk eg vite at eg veksla som nr 2, 20 sek bak teten. Sondre Kristiansen sprang ut på 2.etappen. Sondre er den yngste og minst røynde på laget. Han har ikkje så mykje erfaring med løyper på A-nivå, men Sondre heldt hovudet kaldt og gjorde alt riktig. Sondre veksla som nr 3, rett bak Stord som var ein av favorittane i løpet.

-Geir Olav Roset la ut på siste etappen. Det var veldig spenannde for oss to som stod att i mål! Geir Olav seier at han alltid brukar å bomme på 1.post, men denne gongen traff han denne, og leia fram til 8. post. Her må han ha hatt ein liten bom, for då vart han nådd att av guten frå Stord. Desse heldt følge fram mot mål.
-vi stod og venta ved mål, fortel Isak. Etter ei stund fortalde speaker at Stord kom inn til nest siste posten, og at Stord kom til å vinne stafetten. Geir Olav fortel at han var 2 meter bak Stord inn på meldeposten, og speaker forstod snart at dette ikkje var avgjort likevel! Geir Olav låg rett bak også inn til siste posten, men frå siste posten sette han inn ein kanonspurt, og avgjorde fight'en i oppløpet. Han kom inn nokre sekund før Stord.

Vi i o-gruppa er utruleg stolte over gutane våre, og takkar trenar og apparat omkring som tok turen til vestlandsmeisterskapet slik at vi kan gje storfavorittane Fana og Stord lenger sør ein liten lærepenge!




(Sist oppdatert 10.september 2008, 22:55)

Gå til nyhendearkiv