Ivar Ulvedal skal representere Norge i Idaho

Av Øyvind

Den sterke langrennsløparen frå Ulvedal reiser til USA saman med fem andre gutar og seks jenter. Der skal han delta i langrenn i Special Olympics World Games.

Ivar Ulvedal
Ivar Ulvedal
Ivar, som kan skilte med ein bronsemedalje frå Special Olympics i Holmenkollen 2008, har allereie vore på si første treningssamling på Lillehammer.

Kva distanse han skal gå i USA i februar er enno ikkje bestemt. Det blir anten 5 eller 10 km. Men kva skimerke han tek med seg "over there", herskar det lite tvil om. Madshus er favoritten.

Vi ønskjer Ivar lukke til når han skal representere Norge på nyåret og kjem med fyldig dekning i etterkant!

Her kan du lese meir om Special Olympics World Games 2009.

(Sist oppdatert 18.september 2008, 23:41)

Gå til nyhendearkiv