Marius med fin hopping på Lillehammer

Av Øyvind

Marius H. Nygård deltok i sitt første norgescuprenn i Lysgårdsbakkane på laurdag, der Anders Fannemel stakk av med topplasseringa.


Marius i svevet på Voss © Svein Nygård
Marius i svevet på Voss
Svein Nygård
Marius gjorde ein hederleg innsats i sitt første renn.
Han hadde før konkurransen kun eit fåtall hopp i så stor bakke, med eit lengstehopp under trening på 115 m.

I konkurranse med dei beste seniorane i landet vart farten pressa ned, og respekten litt for stor. Med ein 29. plass var han likevel blant dei beste førsteårs juniorar, og med 3 NC-poeng er han inne på poenglista for NC i sitt første renn.

No gjenstår det to NC renn i Marikollen (K90), før rangert NC-liste blir sett opp for vinteren.

I oktober går turen til Zakopane på treningssamling i påvente snø på heimebane. Treningssamlinga varer ei veke.

Sjå heile resultatlista frå norgescuprennet.


(Sist oppdatert 10.september 2008, 21:05)

Gå til nyhendearkiv