Trim-feber i IL Veten!

Folk på tur for laget sitt

Av Berit I Bergset

Orienteringsgruppa fekk invitasjon til å vere med på orienteringsforbundet si nye trim-satsing: SMS orientering i samarbeid med DNB Nor. Vi tok utfordringa, og fann fram til 9 flotte, lett tilgjengelege turar. Kravet frå orienteringsforbundet er at turen skal passe for unge og eldre, med eller utan kompass.
For kvar gong ein besøker ein post, kan ein registrere turen ved å sende ein SMS med postkoden på, eller ved å registrere den på nett etter turen.
Postane vart lagt ut i slutten av juni, og spenninga var stor i o-gruppa; ville folk vere med å gå?
No er vi tause av beundring over folks engasjement, til no har vi hatt 845 besøkande på våre postar på Nordsida!
Dette er fantastisk!
Dersom du vil vere med å gå, kan du registrere deg på denne sida
DNBNorturen NosaKleiva Sven Langvik © Inger Langvik




(Sist oppdatert 21.august 2008, 21:04)

Gå til nyhendearkiv