Ut på tur

SMS-orientering i IL Veten

Av Berit I Bergset

Har du lyst å gå tur?
Idrettslaget Veten v/ orienteringsgruppa er med i SMS orientering i år.

Vi har lagt ut 9 postar på spennande, lett tilgjengelege turmål rundt om på Nordsida. På kvar post står ein kode, som ein kan sende inn på SMS. Dermed blir ein registrert, og sankar poeng!

Barn under 12 år som deltek vil få tilsendt ein diplom etter første post, og dersom ein har 4 ulike postar i løpet av sesongen, vil ein få tilsendt ein premie.
Der er laga informative brosjyrer med kart og vegforklaring, desse kan ein finne på COOP Fjelli eller på Alfheim.
Ein kan gå så mange gongar ein vil på kvar post, men maks ein tur pr dag.

Ta beina fatt og gå på tur! For kvar besøkande får idrettslaget ein liten donasjon med hovudsponsoren, DNBNor. Er ikkje det ein fantastisk måte å yte dugnad?
Ein kan registrere seg her
(Sist oppdatert 23.juni 2008, 20:54)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt

Må 15.okt 22:10
Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Tor 20.sep 19:09
Kongleriket 23.09.18
Ons 12.sep 22:09
Vaktliste for Vetenbadinga
Tys 04.sep 23:09
Nær O-løp torsdag
Sø 02.sep 21:09
Vetenbadinga startar opp att!

Kalendar