KM-gull til Veten-løparar i orientering

Av Øyvind

IL Veten har, nok ein gong, vist seg i toppen på resultatlistene i orientering.
Forrige helg vann Marianne Roset dameklassen, medan Isak Bergset vann klassen H17-18. Flott innsats av to unge utøvarar som har sterke resultat i både sommar og vinteridrettar. Marianne er ein habil skiskyttar/langrennsløpar og Isak har vist seg som ein god fjelltelemarkkøyrar. Imponerande innsats!

Ikkje nok med at dei yngste slo til... Ivar Bergset vann klassen H45 og Berit Bergset klassen D35! Anders Bergset vart nummer 4 i klassen H19.

Les meir på fjordingen.no
Les heile resultatlista

Marianne Roset - orientering KM08 © Harald Vartdal (Fjordingen)
Marianne Roset - orientering KM08
Harald Vartdal (Fjordingen)
Marianne Roset etter KM-gull 2008
Isak Bergset
Isak Bergset
KM orientering mellomdistanse, 25. mai 2008
(Sist oppdatert 21.juni 2008, 00:10)

Gå til nyhendearkiv