Nær o-løpa startar

Ta med barna til skogs

Av Kari Agnete Svarstad

Skogen med fine opplevingar og god mosjon ventar. Nye og gamle er velkomne til nær o-løp!
Det første nær o-løpet er onsdag 7. mai. Vi held fram onsdagar fram til september. Det er start frå klokka 18.00-20.00 og du melder deg på når du kjem. Nytt av året er ungdoms-karusell for dei i alderen 13-20 år. Det er småtroll for dei minste, nybyrjarløype og løyper i forskjellig vanskegrad og lengde. Du kan delta i trimklasse uten tidtaking med valgfri løype. Born opp til 12 år får premie. Prisane er kr. 20 t.o.m.16 år og kr. 40 for andre. Du får teikne på løypa før du startar og du får ferdig trykt postbeskrivelse. Denne sesongen er det lagt opp til 14 nær o-løp i regi av laga IL Von, Eid O-lag, IL Veten og Markane IL. Luftig o-post © Anders Bergset
(Sist oppdatert 14.mai 2008, 08:17)

Gå til nyhendearkiv