Til Toppidrettsgymnaset

Av Fjordingen v/Ove Sveen

Marius H. Nygård, IL Veten og Tommy Lianes, Stordal IL er begge tekne opp som elevar på hopplina ved Norges Toppidrettsgymmnas (NTG) på Lillehammer frå hausten av.
Tommy og Marius til NTG © Fjordingen
Tommy og Marius til NTG
Fjordingen
Tommy Lianes, til venstre og Marius Nygård er klare for NTG.
Totalt vart det teke opp fem hopparar og to kombinertløparar. Ingen tvil om at nålauget er trongt. Av totalt 18 elevar fordelt på tre årskull, kjem heile fem elevar frå Team Vest.

Om ein tek med Voss, kjem sju av elevane frå Vestlandet. NTG skal samle elevane til oppstartsamling på plast i Lysgårdsbakken tidelg i juni, og det vert treningssamlingar to gonger i månaden før skulestart i midten av august.

Hopp er i ferd med å bli ein heilårsaktivitet på dette nivået. Dei to unge lovande sin overgang til NTG, betyr også at Team Vest må fyllast opp med nye rekruttar.
(Sist oppdatert 06.mai 2008, 09:04)

Gå til nyhendearkiv