Sterk innsats av Marianne Roset under NM

Av Øyvind

Marianne Roset deltok i sitt første NM då skikyttarane møttest til dyst på Ullsheim i forrige veke.
Marianne Roset © www.nordfjordteam.no
Marianne Roset
www.nordfjordteam.no
På sprinten vart det ein 30. plass, vel 5 min. bak vinnaren Tora Berger. På jaktstarten avanserte ho 5 plassar. - Ei veldig positiv oppleving som gav meirsmak, seier ho til lokalavisa Fjordingen.
På stafetten søndag stilte ho på Sogn og Fjordane sitt førstelag saman med Eline Fannemel og Sigrid Teigen Kvåle. Det resulterte i ein 8. plass.

Les alt om NM i skiskyting i Stryn 2008.

Det blir spennande å følgje ho vidare framover.
Den lovande 18-åringen går for tida på toppidrettsgymnaset i Meråker.
(Sist oppdatert 31.mars 2008, 23:08)

Gå til nyhendearkiv