10. plass i Hovudlandsrennet for Marius H. Nygård

Av Øyvind

Hovudlandsrennet vart avvikla i Folldal i helga. Vinnar i klassen vart Tommy Lianes frå Stordal IL, som har mange hopp bak seg i Bjørkelibakkane.
Marius i svevet på Voss © Svein NygårdTotalt var det 21 hopparar i klassen til Marius (Gutar 16 år), og trenar Tom Erik Bjerkenengen var litt skuffa over 10. plassen. Det seier litt om potensialet i hopparen, seier han vidare til avisa Fjordingen. Marius hadde fin utgang på hoppa sine, men hadde nokre tekniske feil i svevet.

Nygård reiser snart til inntakssamling på NTG på Lillehammer. Vi ønskjer han lukke til!

Her finn du fullstendig resultatoversikt.
(Sist oppdatert 06.mars 2008, 00:27)

Gå til nyhendearkiv