Ivar Ulvedal tok bronse i Holmenkollen Special Olympics 2008!

Av Øyvind

Arrangementet fann stad i Holmenkollen 23. og 24. februar. Det vart konkurrert i langrenn 100 m, 500 m, 1 km, 3 km og 5 km, samt 4x1 km stafett kvinner/menn.
Special Olympics Norge © www.specialolympics.no
Special Olympics Norge
www.specialolympics.no
Det var under 5 km. klassisk langrenn på søndagen at Ivar slo til med 3. plassen. Mange stryningar, som no er busette i Oslo, hadde teke turen til Holmenkollen for å heie fram Veten-løparen frå Ulvedal.

Det var sjølvaste Prinsesse Märtha Louise stod for den høgtidlege opninga av arrangementet som vart gjennomført for 24. gong.

IL Veten gratulerer Ivar Ulvedal med strålande innsats i nasjonalanlegget i hovudstaden, og reknar med at medaljen får ein heidersplass i heimen!

Linkar:
Holmenkollen Special Olympics 2008
Resultatliste
Artikkel på Kongehuset si nettside
(Sist oppdatert 06.mars 2008, 00:05)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))