God deltaking frå IL Veten på "Høgenibba Ned"

Av Øyvind

Laurdag vart fjelltelemarkrennet "Høgenibba Ned" arrangert i Hornindal.
Dette rennet er ein del av den ny-oppstarta fjellrenn-cup som også består av "Nakkjen Ned" og "Natakupa Ned".

- I klassen Telemark herrar, eldre veteran: 40-49 år slo like godt Anders Bergset til og stakk av med sigeren føre 5 andre deltakarar. Tida vart 00:51:39.
- Isak Bergset var åleine i klassen Randoné Herrar, yngre junior: 15-16 år. Tida hans vart 01:00:34.
- Også Annti Hannukainen var åleine i sin klasse, Randoné Herrar, 40-50 år med tida 01:00:47.
- I klassen Snøbrett Herrar, yngre junior: 15-16 år, vann Bjørn Tore S. Fjellvang på tida 00:20:58.

Vi gratulerer med flott innsats og ønskjer lukke til vidare i cupen!

Les meir i Fjordingen.
(Sist oppdatert 04.mars 2008, 00:22)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))