Fredrik Hagen kretsmeister i slalåm

Av Øyvind

Alpintalentet Fredrik Hagen stod for ei skikkeleg bragd på Utvikfjellet i helga! Noko som også førte til plass på Hovudlandsrennet i Hemsedal i mars.
Fredrik Hagen, KM Utvikfjellet 08 © Olav Erik Hagen
Fredrik Hagen, KM Utvikfjellet 08
Olav Erik Hagen
Det var under slalåmrennet på laurdagen at Fredrik tok heim kretsmeistertittelen i klassen Gutar 14-15 år. Han var heile 2,6 sekund føre nestemann etter to omgongar. Her finn du ei fullstendig oversikt over resultata frå slalåmrennet.
Søndag var det duka for storslalåm. Her vart det ein 6. plass på Fredrik. Resultat frå søndagens renn finn du her.

Som nemnt over, vart Fredrik med dette kvalifisert til Hovudlandsrennet i Hemsedal 08.-14. mars. Ein kjempesjanse til å få vist seg fram.

Vi gratulerer og ønskjer lukke til i Hemsedal!

Dei yngre brørne Mathias og Daniel Hagen deltok også på Utvikfjellet i helga. Der er ingen rangering i deira klassar.
(Sist oppdatert 03.mars 2008, 23:56)

Gå til nyhendearkiv