Vellukka MobilData Cup!

Av Øyvind

Trass dystre vêrutsikter vart dei to konkurransedagane på Nordfjord Fritidssenter gjennomførte utan større problem.
Bakke- og løypemannskapa har mykje av æra for at renna kunne avviklast som normalt. I tillegg gjorde alle dei andre funksjonærane ein uvurderleg jobb for å få dette til. Både lagleiarane og rennleiar Ola Ødegård rosar alle dei 60 funksjonærane.

Det var i alt 39 kombinertløparar som deltok i under MobilData Cup i helga. Under finn du linkar til meir informasjon og resultat.

Referat og resultat på Norges Skiforbund si nettside.
Slik er stillinga i MobilData Cup kombinert etter renna i helga.
(Sist oppdatert 05.april 2008, 17:13)

Gå til nyhendearkiv