IL Veten har fått sin første FIS-løpar!

Av Øyvind

Sigbjørn Hagen har vore aktiv i alpint i mange år. No ser ein resultata av den årelange satsinga.
Sigbjørn Hagen © Olav Erik Hagen
Sigbjørn Hagen
Olav Erik Hagen
Helga 23/11 - 25/11 i år deltok Sigbjørn i sitt første FIS-renn på Geilo. Fredagen var det 2 storslalåm-renn, medan slalåmen blei gjennomført med eit renn på laurdagen og eit renn på søndagen. I storslalåm vart det ein 99. og ein 109. plass. Dette var ein veldig bra prestasjon! Uheldigvis køyrde han ut i begge renna i slalåm, men han låg veldig bra an i forkant av utkøyringane.
Her kan du følgje Sigbjørn sine resultat framover i sesongen.
De kan også lese meir om rennet på Breimsbygda IL si heimeside.

Fjord1-samling i Hintertux © Olav Erik Hagen
Fjord1-samling i Hintertux
Olav Erik Hagen
Bak frå venstre (løparane): Trygve Berg Lande BBL, Sigbjørn Hagen Veten, Fredrik Sårheim BBL, Fredrik Hagen Veten og Drude Årnes Søgård, Stryn T&I. Framme frå venstre: Bent Støyva, Ivar Sårheim, Olav Erik Hagen
I forkant av sitt første FIS-renn var Sigbjørn på Fjord1-samling i Hintertux i Austerrike saman med 15 andre løparar ifrå Sogn og Fjordane. Her var også veslebror Fredrik med.

Roland ”Rolle” Johanson, leiar av Kjus Rennskule og krinstrenar for Sogn og Fjordane, var trenar for alpinistane på heile samlinga. Han oppsummerer samlinga slik:
- Veldig, veldig bra samling. Stor progresjon for alle, både i storslalåm og slalåm.
Her kan du lese meir om samlinga.

Vi gratulerer med den flotte prestasjonen og ønskjer både Sigbjørn og Fredrik lukke til vidare i alpin-sirkuset. Dette viser at IL Veten er eit idrettslag med stor breidde!


Sigbjørn Hagen klar til start i sitt første FIS-renn © Olav Erik Hagen
Sigbjørn Hagen klar til start i sitt første FIS-renn
Olav Erik Hagen
(Sist oppdatert 13.desember 2007, 21:56)

Gå til nyhendearkiv