KM Stafett 2.september

4 lag frå IL Veten på Vereide

Av Berit I Bergset

IL Veten stilte med fire lag på KM stafett 2.september 07. Konkurransen gjekk på støylen på Dimma, ein nydeleg samlingsplass! Vi hadde eit jentelag, eit damelag, eit gutelag og eit herrelag. Resultatet vart 3 gull og eit sølv!
Jentelaget er for jenter 13-16 år. Dei sprang tre etappar à tre km. På første etappe sprang Kristi Bergset. Ho er den mest røynde av dei tre, trass i at ho enno ikkje er fylt 13 år, så ho fekk den mest stressande etappen med fellesstart for alle klassane. 2.etappe sprang Thea Bergset. Ho er 13 år og klarte seg fint gjennom den 3 km lange løypa. Ankeretappen tok Gudrun Bergset på 15 år, og dermed kunne dei ta imot gullmedaljane og smile til fotografen!


KM 2. september 07 © Jorunn Skrede
KM 2. september 07
Jorunn Skrede
Jentelaget vårt tok gull! Frå venstre: Thea Bergset, Kristi Bergset, Gudrun Bergset


På gutelaget (13-16 år) sprang Bård Ove Bergset først. Han er 16 år, og sprang lett 3 km løypa si. Andre-etappe sprang Sondre Kristiansen på 13. Han klarte også strabasane godt, og til slutt sprang Isak Bergset på 15 år. Han kom først i mål, og dermed kunne også gutane innkassere gullmedaljar! På 2.plass kom Fjellhug Vereide sitt gutelag.
KM 2. september 07 © Jorunn Skrede
KM 2. september 07
Jorunn Skrede
Gutane våre tok gull! Frå venstre Sondre Kristiansen, Isak Bergset, Bård Ove Bergset


Markane IL tok gull i herreklassa. IL Veten tok sølv, og Førde tok bronsemedalje. På Veten sitt lag sprang Kjell Bergset 1.etappe, Anders Bergset 2.etappe og Rolf Magne Hellevang 3.etappe. Det vart ein spennande stafett, etter 1.etappe veksla Markane først, tett følgde av Førde. Veten var nokre minutt etter. Men etter andre etappe veksla Veten først, etter eit par minutt veksla Markane, og ca 5 minutt etter veksla Førde. Det er ikkje godt å seie kven som gjorde det best, då løypene i stafett er "gafla" dvs at kvar løype ikkje er lik, men at alle lag må springe dei same strekka. Dermed er det veldig spennande heilt til siste slutt.
KM 2. september 07 © Jorunn Skrede
KM 2. september 07
Jorunn Skrede
Herrane våre tok sølv! Frå venstre Anders Bergset, Kjell Bergset, Rolf Magne Hellevang


vi hadde også eit damelag i C-Open. Der sprang Sølvi Nyberg Bergset 1.etappe, Jorunn Skrede 2.etappe og Berit Bergset 3.etappe.
KM 2. september 07 © Thea Bergset
KM 2. september 07
Thea Bergset
Damene våre tok gull i C-open Frå venstre: Berit Bergset, Sølvi Nyberg Bergset, Jorunn Skrede


(Sist oppdatert 02.september 2007, 22:08)

Gå til nyhendearkiv