Orientering i farta!

O-sesongen startar 25.april

Av Berit I Bergset

Orientering er i skotet som aldri før, og i år er det mykje som skal skje.
Idrettslaga Veten, Markane, Von og Eid samarbeider om mykje av orienteringsarrangementa. I år arrangerast det tekniske treningar i tre veker før sjølve o-sesongen tek til, dermed skal vi alle vere meir skjerpa og post-sikre enn i fjor. Vi gledar oss til at all bomming skal bli historie og km-tidene skal nå nye rekordar.

Isak på o-leir i Førde

Etterkvart som småtrolla veks til og blir o-troll, kan det vere vanskeleg for foreldra å henge med i utivklinga. Blant anna difor har vi nybyrjarkurs for vaksne. Dette er for alle over 16 år som kan tenkje seg å lære meir om kart og kompassbruk, og kanskje prøve eit o-løp. Kurset blir på Ullsheim 25.april kl 19:00. For meir info, sjå under "Arrangement" til høgre i menyen. Dei som deltek på kurs og tekniske treningar, vil få oppfølging på nær-oløpa utover sommaren, slik at ein får trene og lære endå meir.

I år blir nær o-løpa på onsdagar. Første løpet blir 9.mai på Nordfjordeid.

For løparar frå IL Veten blir det mogeleg å kjøpe lagsdrakter i år. Ta kontakt med Berit SNARAST dersom du er interessert i drakt til deg eller dine..
(Sist oppdatert 19.april 2007, 13:30)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))