Ny turløype 17. mars!

Av Øyvind

Laurdag 17. mars blir turløypa forlenga til støylane Smørdalen og Raufjell.
Utsikt frå Strupen © Øyvind Blakset
Utsikt frå Strupen
Øyvind Blakset
Utsikt frå Strupen, med Smørdalen i framkant og Innvik på motsatt side av fjorden.
Du vil då kunne nyte utsikta innover mot den inste delen av Nordfjorden medan du bevegar deg i dei godt preparerte løypene. Får du i tillegg slikt vêr som på bildet, skulle du få ei flott oppleving.
Løypa vil bli oppkøyrd i helgane og i heile påska.

(Sist oppdatert 15.mars 2007, 23:08)

Gå til nyhendearkiv