Uvsløkk og Kokslien mot kombinerttoppen

Av Ivar Folkedal

Einar Uvsløkk og Mikko Kokslien styrka sjansane sine for å bli tatt opp i World Cup A etter sundagens World Cup B-konkurranse i Stryn. Kokslien vann sprinten etter å ha imponert stort i langrennsdelen på 7,5 km. Tyske Steffen Tepel tok andreplassen, Uvsløkk vart nummer tre.
WCB
Hopprenn med kvalitet

Austerrikaren David Zauner utmerka seg i hopprennet med eit hopp på 100 meter. I langrennet gjekk han derfor ut 6 sekund før gårsdagens samanlagtvinnar Einar Uvsløkk, som strekte seg til 96 meter i hoppbakken. Jan Christian Bjørn oppnådde same lengde, men med litt dårlegare stilkarakterar starta han ytterlegare 2 sekund bak Zauner.
Sigerspallen etter WCB sprint © Ivar Folkedal
Sigerspallen etter WCB sprint
Ivar Folkedal
Dagens vinnar Mikko Kokslien frå Søre-Ål IL, til venstre nummer to og totalleiar i World Cup B Steffen Tepel frå Tyskland. Til høgre tredjemann Einar Uvsløkk frå Byåsen IL.
Avle Christen Bjørn representerar Norges Skiforbund og er utdanningsansvarleg for kombinert. Like etter at siste hoppar hadde sett utfor bakken, uttala han seg som svært nøgd med avviklinga av hopprennet.
- Hopprennet hadde høg kvalitet og utpregar seg som det klart beste dei tre konkurransedagane. Trass i baktrekk var forholda svært stabile og like for alle, påpeikte Bjørn.

Resaren i skisporet

Før langrennet karakteriserte Bjørn skiløypene som tøffe, og meinte at langrennsdelen ville gjere store utslag. Dette stemte godt. Mikko Kokslien viste seg nok ein gong som ein resar i skisporet. Han gjekk seg opp frå 20. plass etter hoppkonkurransen og kom til mål 10, 1 sekund framfor Steffen Tepel.

Tepel tok andreplass både laurdag og søndag og leiar framleis World Cup B samanlagt. Han samanliknar dei to andreplassane slik: - Laurdag var det berre eit telemarknedslag som skilde meg frå sigeren. I dag var Mikko Kokslien utilnærmeleg, seier ein smilande Tepel til Veten Homepage.

Kokslien glisa breitt over sigeren. - Arrangementet i Stryn, med tre konkurransar på tre dagar, har vore hardt. Men eg er svært nøgd med resultata, og satsar på å gjere det like bra i sesongavslutninga i Kuusamo neste helg, uttala han like etter målgang.

Einar Uvsløkk sto over første dag og hadde derfor eit litt enklare program. Med ein siger og ein tredjeplass, synte han at han blir å rekne med i kombinert på toppnivå i åra framover. I løpet av helga klatra han opp på andre plass i samandraget i World Cup B. Kokslien er no på fjerdeplass samanlagt.

Flott gjennomført arrangement

Sabina Meinel, koordinator frå Det Internasjonale Skiforbundet (FIS) med ansvar for kombinert, er godt tilfreds med heile arrangementet i Stryn.
- Skiftande ver med snø og vind skapte problem. Men dei arrangøransvarlege i Norges Skiforbund og ikkje minst IL Veten, har takla alt veldig bra. Dei har vore flinke til å stille opp, skryt Meinel.
Meinel har eit punkt på lista over kva som kan gjerast betre. - Heissystemet i hoppbakken er mindre tilfredsstillande for deltakarane og bør bli utbetra, seier ho.

Ola Ødegård, leiaren for arrangementet i Stryn, har framtidsplanar for Bjørkelibakkane og IL Veten som rennarrangør. - Vi har mål om å avvikle konkurransar i World Cup B kvart år. Men som arrangementsansvarleg er eg opptatt av at funksjonærane får vere med å bestemme dette. Eit slikt opplegg krev enorm dugnadsvilje, påpeikar han.

(Sist oppdatert 13.mars 2007, 19:07)

Gå til nyhendearkiv