Feira bursdagar med sigrar

Av Ivar Folkedal

Bursdags-feirande kombinertutøvarar markerte dagane sine på World Cup-stadion i Stryn med to sigrar laurdag. Med spente foreldre til stades i bakken slo søndagens 22-åring, Einar Uvsløkk, til med to lang hopp og vann. Tidlegare på dagen  feira Lillehammers Mikko Kokslien sin 22 års dag med voldsamt tempo i løypa og vann med ei  energisk  heiande  mor, Sirpi, ved alle bakkekliv.
WCB 1.-3. plass 10. mars
WCB 1.-3. plass 10. mars
No. 1-3: FIS World Cup B Nordic Combined Mass Start, 10 Mar 2007 1. Einar UVSLØKK, NOR (in the middle)
2. Steffen TEPEL, GER
3. Tommy SCHMID, SUI

På grunn av snø og vind, vart rekkefylgja for laurdagens program snudd om. Konkurransen starta med langrenn, såkalla massestart, og avslutta med hopp. Det opphavlege programmet med 15 km. Gundersen vart forandra til 10 km. fellesstart på grunn av vêrtilhøva. Bursdagsbarnet Mikko Kokslien (22)  var konsentret og tent og la alle utlendingar  godt bak seg. Han var i mål 29,8 sek. framfor tyskaren Steffen Tepel og 39,3 sek. før Sebastien Lacroix på tredje plass.
 
Etter fleire timars utsetjing vart hopprennet avvikla i flomlys.  Etter reglane  vart konkurransen gjennomført utan stilkarakterar. Trekk blir det berre  for eventuelt fall og manglande av nedslag. Einar Uvsløkk frå Byåsen IL, som låg på 16. plass etter langrennet, imponerte og klemte til med to hopp på 91,5 og 92,5 meter. Med dette vann han konkurransen samanlagt 1 fattig poeng framfor Tepel som hoppa 87,5 og 90 meter.
 
Trønder-sveitsaren Tommy Schmid tok tredjeplassen som blir 19 om ein månad. Han strekte seg til 89 i fyrste omgang og la på ein halvmeter i den andre. Kokslien, som klarte å behalde leiinga frå langrennet også etter fyrste hoppomgang, fall tilbake i omgang nummer to, då han ikkje strekte seg til lenger enn 81,5 meter. Kokslien, og vinnaren Uvsløkk, har begge gode sjansar til å rykke opp til World Cup A frå neste sesong.

Fyldige resultat finn du her.
(Sist oppdatert 11.mars 2007, 09:19)

Gå til nyhendearkiv