Norsk innspurt i World Cup B

Av Normann Kirkeeide

David Zauner, Austerrike vann World Cup B 7,5 km Sprint i Bjørkelibakkane fredag etter eit kjempehopp på 99 meter i andre omgang. Thomas Kjelbotn frå Bardu beheldt 2. plass frå hopprennet. Lillehammer-gutten Mikko Kokslien fosspurta frå 30. plass i hopp til 3. plass etter langrennet, berre 3, 7 sekund frå andreplassen.
WCB: David Zauner
Det snødde under hopprennet og mot slutten i andre omgang var forholda dårlegare med endå tettare snø. Likevel slo Zauner, som tidlegare har hatt bakkerekorden på over 100 meter, i bakken til med hoppet på 99 meter som var 10 lenger enn nest beste. Det ga han forsprang på vel eitt minutt i løypa og det tok han vare på. Han var 35 sekund føre Kjelbotn i mål.

Fleire av dei beste i samandraget hittil i WCB hoppa mot slutten og oppnådde svake lengder.
Det galdt nordmannen Einar Uvsløkk, franskmennene Jonathan Felisaz og Sebastian Lacroix og tyskaren Steffen Tepel.
Frankrike nedla protest, men den vart ikkje tatt til følge.

I morgon, laurdag er det 15 km Gundersen.

For komplett resultatliste, klikk her.
(Sist oppdatert 10.mars 2007, 08:13)

Gå til nyhendearkiv