Tysk snømangel gir utvida renn i Stryn

Av Normann Kirkeeide

World Cup-rennet kombinert B i Stryn blir utvida med ein ekstra konkurransedag fordi finalen i Garmisch-Partenkirchen i Tyskland må avlysast på grunn av snømangel.
WCB
Finalen var opphaveleg lagt til Klingenthal, men vart pga snømangel flytta til Garmisch-Partenkirchen som altså også måtte avlyse.

For at det skal bli nok konkurransar før finalen som no blir i Kuusamo i Finland neste helg, blir fredag ekstra konkurransedag i Stryn denne helga. I og ved Bjørkelibakkane der dei nye kompaktløypene ligg, er det rikeleg med snø.

39 deltakar frå Østerrike, Canada, Frankrike, Tyskland, Norge, Sveits og USA er med i konkurransen om å rykke opp i World Cup neste år.

Østerikaren Lukas Klapfer leiar World Cup B samanlagt, men han er skada og deltek ikkje. Tyskarane Menz Matthias og Jens Kaufmann ligg på andre og tredje plass. Beste nordmann er Einar Uvsløkk(21) Byåsen ligg på 8. plass og Mikko Kokslien(21) Søre Ål ligg på 14. plass.

Normann Kirkeeide
pressejef 90017793
(Sist oppdatert 08.mars 2007, 22:18)

Gå til nyhendearkiv