Treningssamling i Bjørkelibakkane

Av Øyvind

I helga har skikrinsen lagt opp til treningssamling i samband med Vestlandscupen i Bjørkelibakkane.
I den samanheng får vi besøk av landslagstrenar Kjell Ivar Magnussen som er trenar for jentehopparane.
Hoppanlegg kveld © Thorolf
Vi legg opp til trening på fredag kveld kl. 19.00.
Laurdag kl. 11.00 blir det innetrening i Stryn Ungdomsskule, og hopping igjen på laurdag frå kl. 15.00 i bakkane.

Det blir instruksjon for både jenter og gutar, med hovedfokus på jentene.

Samtidig må eg be om at alle som ikkje har meldt seg på til rennet på søndag, enten melder seg på gjennom påmeldingslinken i terminlista, eller direkte til meg.
Påmeldinga blir stengt torsdag kl. 23.59.
Vi vil ikkje ha påmeldingar i bakken på renndagen, i respekt for arbeidet som blir gjort av sekreteriatet.

Mvh Svein Nygård
(Sist oppdatert 25.januar 2007, 00:42)

Gå til nyhendearkiv