IL Veten trekt ut som arrangør av Telenor karusellen i kombinert

Av Øyvind

IL Veten har søkt, og blitt trekt ut som arrangør av Telenor karusellen i kombinert.
Terminlista for alle TK arrangørane blir lagt ut på heimesida til barnas skiklubb.
TK er for aldersgruppe til og med 12 år, og ein må delta minst to gonger for å få deltakarpremie.
Utøvarane får tildelt startnummer som dei får beholde gjennoom alle renna. Dette er materiell som laget får til odel og eige.
Vi har som målsetting å arrangere 4 renn på datoane 16.01, 30.01, 13.02, og 27.02
TK Kombinert blir arrangert i samarbeid med Idrettskulen, hopp- og langrennsgruppa i IL Veten.

Telenor Karusellen er tenkt å vere noko mykje meir enn eit skirenn.
Formålet er sjølvsagt å rekruttere og styrke skiaktivitetane i laget. Men i tillegg skal dette vere ein sosial aktivitet full av leik og moro.
Dette er like mykje ein foreldreaktivitet der alle kan vere med å bidra positivt. Frå å servere varmt drikke, vere heiagjeng, eller ha funksjoneroppgåver i forkant
og under arrangementa. Speaker må vi også sjølvsagt ha.
For å bli fullverdig arrangør, skal det både annonserast, pyntast i forkant, og dokumenterast i etterkant av renna.
Har vi for lite materiell og deltakarpremiar, etterbestiller vi frå Skiforbundet.

Alle må vere med og mobilisere. Ta gjerne med besteforeldre og andre familiemedlemmar.
Det er mange potentielle som ikkje står på denne adr.lista. Hjelp oss med å gjere det kjendt i grendene og grannelaget. i tillegg blir det sjølvsagt annonsert.
Ein treng ikkje ha eigne ungar i konkurransen for å vere med å arrangere.

Meir informasjon kjem seinare. Sjå også www.barnas.skiklubb.no/telenorkarusellen

Helsing Idrettsskulen, hopp- og langrennsgruppa i IL Veten

Svein Nygård
(Sist oppdatert 03.januar 2007, 11:03)

Gå til nyhendearkiv