Vellukka Take Off!

Av Øyvind

Torsdag 26. okt. var 18 hopptalent frå IL Veten og Hornindal IL samla i Stryn for å få informasjon og inspirasjon i høve til komande sesong.
Take Off 06 er det største rekrutteringstiltaket i Noreg innan hoppsporten nokon gong. Norges Skiforbund plukka ut Stryn som ein av dei 33 plassane i landet der dette skulle arrangerast.
Take Off 06 - Gruppebilde © Svein Nygård
Take Off 06 - Gruppebilde
Svein Nygård
I ribbeveggen frå venstre: Halvard Espe, Tor Odne Seljeset, Lorentz Fannemel, Kristi Bergset, Rita Gausemel, Nina Tomasgård, Sigrid Haugen, Emilie Otterdal. Ståande frå venstre: Bård Ove Bergset, Rasmus Gausemel, Adrian Grodås, Erlend Espe, Brede Fannemel, Andreas Stjernen, Marius Holen Nygård, Anders Fannemel, Håkon Seljeset, Pål Ruben Seljeset, Dag Bergset Ulvedal.


18 hopptalent var samla i Stryn denne kvelden, som starta med ei seanse på Stryn vidaregåande skule der hopparar og foreldre fekk sjå ein presentasjon frå Skiforbundet. I tillegg vart to videoar viste. Vi var so heldige å ha med oss juniorlandslagshoppar Andreas Stjernen (son av den tidlegare storhopparen Hroar Stjernen). Han fortalde litt om seg sjølv og svarte på spørsmål frå hopparane og dei andre frammøtte.

Etter dette gjekk turen til gymsalen ved Stryn ungdomsskule. Her fekk dei unge talenta treningsinstruksjon frå Stjernen, før kvelden vart avslutta med pizza og sosialt samvær.

Take Off 06 - Jentehopparar © Svein Nygård
Take Off 06 - Jentehopparar
Svein Nygård
Frå venstre: Kristi Bergset, Rita Gausemel, Sigrid Haugen, Nina Tomasgård og Emilie Otterdal




















Take Off 06 - Mageøvelse © Svein Nygård
Take Off 06 - Mageøvelse
Svein Nygård
Frå venstre: Brede Fannemel, Andreas Stjernen og Tor Odne Seljeset
(Sist oppdatert 07.november 2006, 21:55)

Gå til nyhendearkiv