Veten IL får World Cup-B!

Av Øyvind

Når World Cup-B skal arrangerast 10. og 11. mars i 2007, skal både hopp og langrenn avviklast på Vangen.
Her vil ein få oppleve dei framtidige stjernene som skal kvalifisere seg til den ordinære World Cupen.

Kvart land kan stille med inntil 8 deltakarar, og det vil vere omlag 15 land som deltek. Arangørlandet kan stille med fleire løparar.

Arrangementet skjer i regi av Det Internasjonale Skiforbundet (FIS). Organisasjonskomitéen vert leia av Ola Ødegård og Karin Sandbakk er sekretær.

Finalen for World Cup-B vil føregå i Tsjekkia.

Link til FIS
(Sist oppdatert 19.juni 2006, 21:01)

Gå til nyhendearkiv