Sterk hopping av Marius!

Av Øyvind

Marius Holen Nygård kom på sjuandeplass i den uoffisielle norgesmeisterskapen i hopp for 13- og 14-åringar i Alvdal i helga.

Marius i svevet © Svein Nygård

Marius låg på 13. plass etter første omgang, men avanserte til ein sterk sjuandeplass etter å hoppa tredje best i finale-omgangen.

I Hovudlandsrennet for 15- og 16-åringar i Alta vart det også sjuandeplass til ein nordfjordhoppar, då honndølen Anders Fannemel med hopp på 75,5 og 74 meter, berre var seks poeng frå bronseplassen i klasse 15-år.

(Henta frå NRK S&Fj)

Elles kan vi nemne at Marius befesta sin plass blant landets 10 beste, Klasse 14 år, i RC-Finale Linderudkollen med ein 10. plass i cupen samanlagt.

Top 10 plasseringar i cupen:
Vikersund: nr 9
Skogn: nr.8
Granåsen: nr.8
Soland Gundersen: nr.7
Linderudkollen: nr.9

I tillegg fekk Marius ein 11. plass i NM-Krinslag, der Sogn & Fj. deltok for første gang.
Marius hoppa 6. best med 2. lengste hopp i klassen
(Sist oppdatert 07.mars 2006, 22:14)

Gå til nyhendearkiv