Oppdatert informasjon om Hafjell-turen

Av Øyvind

Det er veldig stor interesse for Hafjell- turen 24.-26. februar. Nesten 80 påmelde. Vi klarte heldigvis å få tak i ei hytte til, slik at alle som vil har fått plass og skal forhåpentlegvis få det komfertabelt. Vi har no 6 hytter.
Kjekt å sjå at så mange av dei som har vore med tidlegare også kjem igjen og at der kjem nye til - spesielt mange nye ungdomar.
Ettersom det er så mange ungdomar i alderen 16-18 år, er det viktig at alle er innstillt på å rette seg etter dei køyrereglane som må gjelde for ein slik tur - les gjerne; bruk av alkohol. Dette gjekk veldig fint i fjor :) og vi som arrangør forventer det same i år.
Vi forutset at foreldra til dei ungdomane som reiser på eiga hand, tek dette opp med sine. Alle er vi samde om at turen er for å stå på ski og ha det kjekt ilag!!

Ellers ber vi om at de frå tid til annan sjekkar heimesida vår - her vil det verte lagt ut informasjon fram mot turen.

Litt informasjon no:
- Vi får tilgang til hyttene frå kl. 16.00 fredag. Dei som vil vere i anlegget tidlegare på dag, kan få sette frå seg bagasje i resepsjonen.
- Vi må ha oversikt kven vi skal bestille heiskort til for å få 20% rabatt. De kan sende ei mld. til Oddvin på mob 90960342 eller mail om@nordplan.no. De må oppgi barn/vaksen og om de også skal ha med fredag.
- Ein må ta med sengelaken, dyne- og putetrekk
- Hyttene er bestillt med vask

Vi klarer ikkje å få plass til alle ungdomane i Veten-bussen, så dei som kan ordne seg med annan skyss må gi beskjed.

Med helsing

Oddvin Myklebust
om@nordplan.no
tlf 57885506
mob 90960342

Les meir om turen her
(Sist oppdatert 15.januar 2006, 16:42)

Gå til nyhendearkiv