Oppfordring frå Trimgruppa

Av Øyvind Blakset

Her kjem ei lita oppfordring og utfordring frå Trimgruppa, ved Ann-Iren Ulvedal.
"Trimgruppa ynskjer å få med folk i alle aldrar og uansett om dei er i god eller mindre god form, på våre mandagsturar. Tanken er å starte ilag slik at alle kan finne nokon som vil gå i same tempo og /eller så langt ynskjeleg. Vi veit at formen er ulik - iallefall i starten -, og dagsformen varierer. Difor vil vi prøve å vere to leiarar som vekslar på å gå seint / kort og fort / langt kvar gang. Di fleire som møter opp, di fleire har vi å velgje som turkamerat og vi avtaler for kvar gong om korleis vi legg opp turen."

"Stavgangopplæringa den 03.10.05 vil ha to instruktørar slik at det også her vert tilpassa formen. Vi startar med praktisering og avsluttar med teori på Næringstova på grunn av at vi vil ha lys når vi går. Eivind Skjerven har med seg stavar til utlån og vil hjelpe å tilpasse dei som har med sjølve. Alt er gratis. Vert det stor oppslutnad vil vi starte opp eiga gruppe for stavgang."

Ann-Iren
(Sist oppdatert 03.oktober 2005, 08:36)

Gå til nyhendearkiv