Litt informasjon frå O-gruppa

Av Øyvind

Her kjem litt informasjon frå O-gruppa, ved Kjell Ove Bergset. Blant anna kan du lese litt om Nordvestgaloppen som skal arrangerast neste år, i samarbeid med Markane IL.
"O-gruppa i Veten samarbeider med Markane og Von om å arrangere ein 8-10 treningsløp i året, på Torsdagane. I tilegg arrangerer vi normalt eit Kretsløp åleine,for året.

Neste år skal vi også arrangere Nordvestgalopp i samarbeid med Markane i juli. To løp på Ullsheim 26. og 27. og to på Aktivitetssenteret den 29. og 30. juli. . Vi har som målsetting å få 1000 deltakarar. Ivar Bergset (leiar), Jon Rune Heimlid (marked/media) Svein Arild Bergset (data)og Kjell Ove Bergset (O-camp) er med i hovudkomiteen. Vi har bruk for ein løpsleiar frå Veten til dei to løpa våre. Anders Bergset er godt i gang med synfaring av terrenget,for å korrigere kartet,Vangen Aust. Det vil bli trykt nye kart.

Det er ein 10-15 aktive som reiser rundt og deltek på krinsløp og KM,og så kan det bli diverse ferieløp her og der."

Kjell Ove Bergset
- leiar
(Sist oppdatert 09.september 2005, 14:58)

Gå til nyhendearkiv