Medlemsregistrering i IL Veten

Av Øyvind

Her kjem litt informasjon frå Svein Nygård angåande registrering av medlemar frå IL Veten i medlemslista til Skiforbundet.
Eg har starta med å registrere medlemmar i IL Veten
inn i Veten si medlemsliste i Skiforbundet.
Dette har fleire orsaker, blant anna:

Ei av Skiforbundet si viktigaste oppgåve er å auke medlemstalet.
Dette har betydning ved tildeling av pengestøtte frå staten.
Vidare er det viktig å vise til medlemstal og aktivitet ved fordeling av pengar på lokalt plan.

Medlemsregisteret gjer det også lettare å melde på deltakarar til diverse aktivitetar.
Sette opp startlister, betaling av deltakaravgifter. rapportering av aktivitet.
Ikkje berre terminfesta skirenn, men også møter, mosjonsrenn f. eks Holmøyskarrenn. m.a.
Bestilling av lisensar osv.
Det er laget og medlemmane sjølve som skal vedlikeholde medlensarkiv og f. eks. bestille lisensar gjennom medlems-sida
Som medlem kan en også søke kva informasjon som ligg lagra om kvar enkelt i idrettens dataregister. Og vedlikeholde opplysningane sjølve, dersom det er feil opplysningar,
som f.eks doble medlemsnummer. Endre adresser ved flytting osv. (krav frå datatilsynet)

Medlemsarkivet kan vidare brukast til gruppering av medlemmar i forskjellige aktivitetar som:
Orienteringsgruppe, Ridegruppe. Fotballgruppe, til dømes.
Kvar enkelt gruppe kan bygge opp si eiga base på like vilkår som skigruppa.(då tilslutta aktuelle særforbund)
Ein kan også sende SMS-meldingar til definerte medlemsgrupper direkte frå medlemsregisteret. Til stor hjelp for t.d. oppmenn.

Eg ynskjer derfor at medlemmer sender følgande opplysningar i retur.
Namn med fødseldato på alle aktuelle familiemedlemmar
Gjerne også mobil-, og fast tlf.nr og e-mail adresser.
(e-mail adresse er ein betingelse for å få tilgang til egne opplysningar i "navn i idretten") Det treng ikkje vere egen e-mail.
Du kan også bruke jobbadr. eller tillitsvalgt i laget, eller grannens om du får lov. Då får du ein personleg kode i retur.

Eventuelt lyn-kurs får du hos underskrivne.
Håpar på mange svar i retur. Då sparer eg masse tid på telefonen.

Med vennleg helsing
Svein Nygård

OBS! dette gjeld ikkje berre hopp. men Idrettslagets medlemar totalt.
Er du ikkje medlen, så meld deg inn, basta.
(Sist oppdatert 05.september 2005, 11:09)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt

Må 15.okt 22:10
Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Tor 20.sep 19:09
Kongleriket 23.09.18
Ons 12.sep 22:09
Vaktliste for Vetenbadinga
Tys 04.sep 23:09
Nær O-løp torsdag
Sø 02.sep 21:09
Vetenbadinga startar opp att!

Kalendar