Fellesmøte medlemslaga i Sogn og Fjordane skikrins

Av Sven Sandvik

Sogn og Fjordane skikrins inviterar medlemslaga til informasjonsmøte på Skei misjonshus torsdag 3 mars kl 1830.
Tema for møtet: Framtidig organisering av Ski Norge (dagens krinsmodell eller større regionar)

Bakgrunn for møtet: Pågåande organisasjonsprosess i Norges Skiforbund i samband med store endringar i det økonomiske bildet. Skitinget i Steinkjer mai 2005 skal ta stilling til spørsmålet om framtidig organisering.

Mål med møtet: Styret i skikrinsen ynskjer å opplyse om prosessen og moglege konsekvensar samt å høyre synspunkt frå laga i Sogn og Fjordane. Saka vil bli sendt ut til høyring i laga etter at krinsleiarane har hatt møte i Oslo 11.mars, men det er viktig, alt no, at det kjem eit retningsgjevande råd.



På møtet kjem leiar i skikrinsen Inge Fænn og styremedlem i NSF Anders Felde til å orientere om prosessen og moglege konsekvensar for laga i Sogn og Fjordane. Begge er med i organisasjonskomiteen som skal ha avsluttande møte 14.februar. Det vil ligge føre fleire ulike alternativ, og det er viktig at leiaren i skikrinsen har klare signal frå medlemslaga til krinsleiarmøtet 11. mars.

Vi oppmodar så mange som mogleg til å møte og kome med innspel til dei ulike alternativa.

Det er ynskjeleg at deltakarar melder seg på til møtet via Online påmelding. Sjå også heimesidene til Sogn og Fjordane skikrins.

Med helsing

Sven Sandvik
adm sjef
Sogn og Fjordane skikrins
tlf 92601421
www.skiforbundet.no/sfsk

(Sist oppdatert 17.februar 2005, 14:51)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt

Må 15.okt 22:10
Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Tor 20.sep 19:09
Kongleriket 23.09.18
Ons 12.sep 22:09
Vaktliste for Vetenbadinga
Tys 04.sep 23:09
Nær O-løp torsdag
Sø 02.sep 21:09
Vetenbadinga startar opp att!

Kalendar