Skisamling på Ullsheim

Av Øyvind

Henning Heimlid frå Markane IL har sendt ut informasjon om den årlege skisamlinga på Ullsheim.
"Så er det igjen klart for den årlege skisamlinga på Ullsheim i Markane. I år vert dette eit samarbeid mellom Markane IL og Sport 1, og sjølvsagt håpar vi at vi greier å fylle opp Ullsheim med spreke skiglade ungdomar frå ulike skigreiner.

Samlinga er open for jenter og gutar i alderen 12 – 15 år, dvs årsklassane 1992, 1991,1990 og 1989.

Tidsrommet for samlinga er frå fredag 27.august, til søndag 29.august, og det blir i alt 4 treningsøkter.

Hovudtrenarar for samlinga er i år langrennsløparen Roger Aa Djupvik saman med krinslagstrenar langrenn i Sogn og Fjordane Nils Heggdal, og forhåpentlegvis vil dei to saman med andre trenarane gjere sitt til at de alle får eit godt utbyte av desse treningsdagane!



Vi oppfordrar så mange som mogeleg til å bli med på samlinga og håpar dei ansvarlege i laga informerer sine aktuelle løparar.



Meir informasjon om program og påmelding finn du på www.markane.no"



Vennleg helsing

skigruppa Markane IL

v/ leiar Henning Heimlid
(Sist oppdatert 16.august 2004, 08:23)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))